Små soger.

Om å ta vare på skjønnheten.

Dagens gode historie: Veslegut sat ved bordet og såg på tante som plukka og pynta på seg sjølv i fjeset. Han spurde kvifor ho held på med det. Jau, ho ville nå sjå litt fin ut. "Går det lenge før det virkar", spurde guten.


Bøying av verb
Barnebarnet vårt,- Emma Sofie var i barnehagen. Ei av barnehagetantene fekk eit anfall av hikke. Då anfallet var over sa Emma Sofie: “Ja, eg høyrde du hakk”:

Mislukka friarferd.
Sigurd var ungkar og var komen litt oppi åra. Han hadde ofte drøymt om å få ei å dela livet saman med, men det hadde ikkje lukkast. Ein dag kom han på at han ville snakka med Jensine om saka. Dei kunne høva godt saman, tenkte Sigurd. Jensine var også ugift og ein del oppi åra. Sigurd tok mot til seg og spurde Jensine: “Trur du at vi skulle gifta oss?” Jensine tenkte ei stund og svarte: “Trur du at det er nokon som vil ha oss då?”

“Dronninga mi.”
Sigvart skulle halda tale i brullupet sitt. I talen så kalla han brura si for “dronninga mi”. Dette flotte utrykket brukte han fleire gonger. Eit par veker etterpå så var Sigvart så stille på arbeidsplassen. Ein av kameratane spurde korleis det stod til med dronninga. Sigvart sukka litt tungt og sa: “Akk ja, ho heldt nå den fyrste trontalen sin i går.”

Blåveisar.
Ingvar var ute med bilen og uheldigvis small han saman med ein annan bil. Han vart spurt om kor mykje skader det vart. ” Nå, ja bilen fekk eindel og sjølv fekk eg 2 blåveisar.” Det var då ein nabo kommenterte: “Dei blåveisane fekk han då han kom heim!”

Stygt eller fint.
Bertine hadde vore i byen og stasa seg opp med nye klær. Men då mannen fekk sjå henne sa han: “Eg tykkjer beintfram at du var finare då du var stygge.”

Utdrag fra Porten til Israel:
En gruppe immigranter fra det tidligere Sovjetunionen steg ut av El Al-flyet fra Moskva til Tel Aviv på Ben Gurion-flyplassen. De ble straks omringet av en flokk journalister.
“Hvordan er den økonomiske situasjonen i dagens Russland?”
“Man kan ikke klage.”
“Hva med boliger?”
“Man kan ikke klage.”
“Hva med antisemittisme?”
“Man kan ikke klage.”
“Når det er slik, hvorfor vil De da utvandre til Israel?”
“Vel - her kan man klage.”

Visdom: Ein mann som gir seg når han ser han har feil, er vis.
Ein mann som gir seg når han veit han har rett, er gift.

Alexander.
Fylgjande soge er sann. Alexander, som eg er morfar til var 8 år då. Han snakka med foreldra sine om arv. Jau, hans kunstnarleg interesse måtte han ha frå morfar. Så var det litt frå den og frå den. Då sa Alexander:” Det er ikkje for å vera frekk, men kor har eg snillheten min frå?”

I butikken.
Helmine sende mannen sin Jakob til butikken for å handla. Han ville ha ein hugselapp så han fekk med seg det han trong. Nei, sa kona,- du kan nå minnast dei tre tinga du skal ha. Jakob rusla avgarde og i butikken vart han helst litt forlegen for han kunne ikkje minnast den tredje tingen han skulle kjøpa. Til slutt måtte han gi seg og rusla mot kassen. Der fekk han auga på soknepresten som kom inn døra. “Å ja, nå veit eg det. Det var turrfisk eg skulle ha” , kom det frå Jakob.

Regnbyge.
Predikanten fekk ei svær regnbyge over seg rett før han kom inn på bedehuset. Han beklaga seg til formannen over at han hadde vorte gjennomvåt. ” Akk, ja- du turkar nok snart opp på talarstolen”, kom det frå formannen.

Om å avslutta møtet.
Det gjekk mot avslutninga av møtet. Predikanten hadde talt og Jens vart beden om å sei nokre ord til avslutning. ” Nei, eg trur ikkje eg kan det for då kunne eg gjera det vondt verre”, svara Jens.

Rett svar.
Det var ikkje kvar dag Malena var inne på eit offentleg kontor. Men her skulle dei ha greie på alle personalia fyrst. Sekretæren attom skranken brukte ikkje så mange ord men var knapp i sine spørsmål.
“Hva er deres navn”?
-Malena Pedersen.
“Alder”?
-75 år-
“Og De er født—?
- Ja, naturligvis.

Irritert doktor
Ein doktor på Jæren var kjent for eit litt heftig sinne,- særleg dersom folk kom utanom kontortida. Ein dag kom ei kone og banka på og ville ha hjelp. “Kvifor kom du ikkje i kontortida”? glefste legen. “Nei- eg kunne liksom ikkje koma før kua hadde spent meg”, svarte kona.
Fattige i kyrkja.
Ein prest hadde eit ynskje om at det også måtte koma fattigfolk til kyrkja. Han såg helst berre velkledde og privilgerte fylla benkene. Men ein dag etter gudstenesta kom han til å glytta oppi kollektkorga. Då skjøna han at han var bønhøyrd.
Syltetøy i kjellaren.
Dei var godt oppi åra begge to. Mann og kona. Så seier ho til han:”Kan du ikkje gå ned i kjellaren og henta litt syltetøy?”
Jau, han rusla ned trappa, men då han var komen i kjellaren kom han aldeles ikkje på kva han skulle gjera der. Han ropa opp trappa:” Kva var det eg skulle henta i kjellaren?” Ho svara:” Å, har eg bedt deg om å henta noko i kjellaren?”!

Bertil hadde vorte gamal og nå sat han ein dag og fortalde om ting han hadde opplevd. “Eg minnest godt då eg fyllte 80 år. Vi sat ute i tunet i det varme veret og drakk kaffi.” Då var det kona hans ymta frampå litt forsiktig: “Jamen Bertil,- du fyller jo år i den kalde januar!” Bertil tenkte litt og så sa han:” Då må det ha vore då eg fyllte 70.”

Matlyst.
Ein dreng som tente på ein bondegard kom inn i ein periode der det vart lite med han når det gjaldt arbeid. Lite åt han og lite sov han. Ein dag tok husbonden han for seg og spurde om kva som var gale. Det kom då for ein dag at det var ei jente som han hadde vorte så botnlaust forelska i. Då sa husbonden: “Du får sei det til henne slik at saka kan verta avklart og at du kan koma deg til hektene igjen. Du verken et eller søv.”
Guten manna seg opp og gjekk avgarde til jenta. Det han fekk sagt der var fylgjande:”Kvar gong eg tenkjer på deg, så misser eg matlysta!”

Ny bil.
Anders hadde kjøpt ny bil. Naboen ville vita kva slags bil han hadde kjøpt. ” Det er ein Ford”,-svarte Anders. ” Var det ein Ford, eg høyrde rykte om at det var ein Mistusbishi”,-sa naboen.
“Ja,- svara Anders,- det kan du sei som har tenner.”

På friarferd.
Han Anders var over dei fyrste ungdomsåra og mora hadde stor sut for at han ikkje hadde funne seg ei kone. Ho ymta frampå rett som det var, men Anders var av det blyge slaget og hadde ikkje mot til eit slikt prosjekt. Men ein dag ymta mora frampå igjen og sa at nå hadde ho funne den rette jenta for han. Mora ville at han skulle fiffa seg opp og ta ein tur til den utkåra og fri. Anders grudde seg uhorveleg, men ein kveld la han avgarde til jenta. Då han møtte henne sa han: “Ja.ja,- det var altså eit spørsmål om du kunne tenkja deg å gifta deg med meg. Det er ho mor så spøre!!”

Ein pensjonert biskop.
hadde vore på fjelltur og då han skulle heim reiste han med tog. Han var ikkje nett så oppdressa etter turen og var litt ubarbert og. Han kom i prat med ei eldre dame på toget og under samtalen spurde ho: “Kva er det du har drive med i livet då?”
“Jeg har vært biskop,” var svaret.
Då kika ho på han ei stund og så sukka ho: “Akk ja, akk ja, den fydlå, den fydlå!”

På teater.
Gamle Anna var på teater for fyrste gong i sitt liv. På scenen var det eit ungt par som sat på ein sofa og prata saman. Brått banka det på ei dør og jenta sa: “Det er sikkert han far,- gøym deg fort under sofaen!” Guten var ikkje sein med å gøyma seg. Då den grumme fader kom inn spurde han jenta:” Sit du her åleine,- eg tykte eg høyrde nokon som prata.”
“Nei, eg sit her åleine,” svarte jenta.
Då kokte det over for gamle Anna. Ho reiste seg nede i salen og ropa: “Tenk at ho lyg far sin rett oppi ansiktet!! Guten ligg jo under sofaen!!”

70 årsfeiring.
Det kunne ikkje nektast at Malena nærma seg dei 70. Ho var einsleg og slekt og vener ville feira dagen hennar. Dei spurde kven ho ville invitera til dette selskapet. “Eg vil be dei som har vore mest nærgåande”, svarte Malena.

Når jekken er borte.
Ein mann som var ute på biltur ei natt var så uheldig at bilen punkterte. Det var langt frå folk så han måtte prøva å skifta om til reservedekket sjølv. Til si fortviling oppdaga han at jekken var borte. Han såg eit ljos frå eit hus eit stykke unda og rusla avgarde i von om at dei kunne ha ein jekk til låns.
Mens han gjekk der vart han meir og meir overgitt over kva folk ville sei når han kom nattestid og ba om å få låna ein jekk. Då han kom fram var han ganske oppøst over problemet. Han ringde nå på og ein svevndrukken mann dukka opp i døra og spurde kva det galdt. Det var då det datt utav bilisten:
“Du kan berre ha den elendige jekken for deg sjølv!!”

Gloende kull på hodet.
Selina var arg på mannen sin. Ho meinte at han var så vrang og vrien på alle vis. Ein dag kom ho i prat med presten og spurde om råd. Presten held seg til skrifta og siterte frå Rom 12.20 der det står om å gjera godt mot dei vrange og på den måten “samla glødande kol på hovudet”
“Har du gjort dette”? spurde presten.
“Nei,” svarte Selina.”Ikkje akkurat det, men eg har dalga tean kraftigt med kolskuflå.”

Hjå fysioterapeuten
Jens skulle til behandling hjå ein fysioterapeut. Då han ringde på kom ei småjente ut. “Er fysioterapeuten heima?” spurde Jens. “Nei, han er ikkje heime.” svarte jenta. ” Er fysioterapyttå heima då?” spurde Jens.

Gamle Bertinius hadde hamna på sjukeheimen. Ein dag fekk han besøk av av ein slektning og ho spurde: “Kollis æ dæ mæ dæg, Bertinius?”
“Akk, ja- du vett at æg ækje den same lenger, men det he æg i groen alre vore,” svarte Bertinius.

Lars og Lina.
Dei hadde vore gift i mange år og hadde det så nokonlunde godt saman. Ein kveld hadde Lars vore på bedehuset og der hadde talaren sagt at ektemenn burde takka kona si meir for alt det ho gjorde i heimen. Då Lars kom heim kom det for han at han burde bøta litt på forsømingane på dette feltet og sa: “Du Lina,– eg må takka deg for alt du har vore for meg i alle år.”
Lina for opp og såg forferda på han og sa:”Du er vel ikkje sjuke, Lars?”
–”Nei, det kom berre for meg at eg måtte takka deg.”
Lina vart endå meir forferda og spurde:” Skal eg henta dokteren?”

Forsnakkelse.
Dei fleste predikantar har forsnakka seg. Underteikna er ikkje noko unntak. Eg får nemna den gongen på eit teltmøte at eg ved innleiing av prediken byrja såleis: “La oss folla knenå og be”. Det var vel litt vanskeleg etterpå å halda seg alvorleg. Ei som heitte Gurine som var på dette møtet tykte dette var overlag morsomt og fortalde det mange stader kva eg hadde sagt. Men plutseleg gjekk ho i baret sjølv då ho i ein andakt byrja slik: “La oss folla hendene og lukka håve.”

Tilgivelse
Ein mann fyllte 80 år og det vart sagt mange fine ord om han i selskapet. Då han ville takka for alt som vart sagt sa han: Det er to ting eg vil be om tilgivelse for. Det fyrste er for alt det skrytet som har vore om meg her idag. Det andre eg vil be om tilgivelse for er at eg likte dette skrytet veldig godt.

Utanfor altarringen.
Ein smågutt var i kyrkja saman med foreldrene sine. Der hadde han sett presten innanfor altarringen.
Då gudstenesta var slutt kom presten fram i kordøra for å takka for gudstenesta. Det var då smågutten ropa til mor si. “Mor,- presten er lause!!”

Treskalle
Ein kar som var i militæret vart innkalla til kompanisjefen fordi han skulle ha kalla ein sersjant for ein treskalle. “Er det sant at du kalla sersjanten for ein treskalle?” spurde kompanisjefen.
“Nei, eg sa ikkje akkurat det, men eg sa at dersom sersjanten såg ei hakkespett, burde han ha hjelmen på seg.

Sjokolade
Sidan vi er i militæret så gjekk det ei soge om ein vaktsoldat som stod og røykte,- noko som ikkje er tillatt. Då han vart overraska av daghavende offiser trekte han sigaretten lynkjapt inn i munnen.
“Kva er det du har i munnen?” spurde offiseren.
“Sjokolade”, svara vaktsoldaten.
” Men det kjem røyk ut av munnen din!”
“Ja, det er kokesjokolade”!

Sildefiske.
Det var litt smått med fangsten, og karane i båten var slike som ofte vanka på bedehuset. Nå sette dei seg saman i båten og ville be litt over saka. Oskar held ei lang bøn, og nemnde mange ting som låg han på hjarta. Det var då ein av dei andre dunka litt i sida og sa: Oskar, hald deg til sillå.

Ny plenklyppar.
Lars og Berta hadde kjøpt seg ny plenklyppar. Etter å ha fylgt bruksanvisning med olje og bensinfylling var den klar til å starta. Det var Berta som las instruksjonsboka. Lars drog og drog igjen, men ingen start. Plutseleg rauk startsnora. Då glefste Lars mot Berta: Kollis i værå æ dæ du lese!!!?

Hatt som kollektkorg.
Det går mange slåser om den kjende Ryfylkjebispen Sven Foldøen. Ikkje alt er sant. Men vert fortalt at han sende rundt ein hatt til kollekt på eit møte. Då han såg oppi hatten etterpå sa han: Når eg ser på det som er oppi her og ser på dykk, må eg vera glad for at eg fekk hatten igjen.

På ein torsdag.
For 50 år sidan var det ikkje vanleg at folk gjekk i dusjen kvar dag. I 1957 var den kjære kong Håkon så uheldig at han datt på badet og brekte lårhalsen. Han kom seg ikkje over dette og døydde same år. Dette uhellet skjedde på ein torsdag. Då var det ein kar på Jæren som spurde: Kæ villan på bade på ein torsdag?

Ein liten smågut stod og storgret på eit fortau i byen. Ei dame kom bort til han og spurde kva som var galt. Småguten hiksta fram:”Har du sett ei mor utan meg”?

Eit menisk.
Ein litt fornem mann kom og banka på døra hjå hjå Lars og Berta. Det var Berta som opna døra og denne fornemme mannen sa: Jeg skulle ha snakket med husbonden. Berta rusla inn og sa: Lars, det er eit menisk som spør etter deg. Mannen i døra vart fornærma og kveste i: Jeg er da ikke noe menisk!
Berta stokk litt og sa til Lars: Eg trur du lyt koma med ein gong, - han påstår at han ikkje er noko menneske!

Kitty Kielland var billedkunstnar og syster til Alexander. Hu fant mange motiv frå Jæren. Ho høyrde til ei fin og fornem slekt i Stavanger.Det vert fortalt at ho ein dag hadde gløymt skisseblokka si då ho var ute på Jæren for å finna motiv. Ho gjekk til ein bonde og spurde om han hadde noko papir som ho kunne få. Bonden svara:” Klarar du deg ikkje med ein høydott?”

Bak fram
Denne soga er neppe sann, men ho er nå litt god for det: Ein mann vakna ei natt og oppdaga at det var brann i huset. Han for opp, treiv buksene, drog dei på seg og hoppa ut vinduet. Ulukkelegvis hadde han teke på buksene bak-fram. Han vart liggjande på marka utfor vinduet og folk sprang til og spurde: Slo du deg?
Han kika litt nedover seg og mumla: Nei, æg slo mæg ikkje, men dæ ser ud for at æg he heilt forvree mæg.

Ei potet.

Det vert fortalt om ein dreng på ein gard på Jæren som likte så godt kjøttkaker. Ein dag dei hadde dette til middag langa han inn 12-13 av det slaget, men berre ei potet. På Jæren vert potet ofte kalla for eple.
Utpå ettermiddagen fekk drengen fælande vondt i magen og vart liggjande på ein divan og ynka seg.
Det var då husbonden ymta litt forsiktig til han: Dæ sko væl ikkje væra dæ eina eple du åd?

Månadsbilett.
Ein jærbu som reiste med toget vart sitjande attmed ein Sandnesmann. Då konduktøren kom synte Sandnesmannen månadsbilletten sin. Dette vart jærbuen litt forundra over og spurde om han ikkje trong å betala billett. -”Nei, jeg reiser bare på mitt gode ansikt jeg”, svarte Sandnesmannen. ” Javel, men då kan det ikkje vera så langt du skal avgarde”, svarte jærbuen.

I Sandnes budde det ein gong ein distriktslege som heitte Schumacher. Han hadde ofte to svære hundar med seg i karjolen når han for på sjukebesøk. Når han var inne hjå pasienten let han den eine hunden stå med taumane. Inne hjå den sjuke var det ei kvinne som spurde kven som passa hesten. “Jau, det gjer sonen min”, svara Shumacher. Kvinna for ut for å sjå og då ho kom inn att sa ho: “Dæ va fælt så han va lige far sin.”

Møgje elle lide ved.
To karar kom i ein kraftig diskusjon og orda vart litt kvasse. Den eine sa: Du he nå i alle fall bitte lide ved. Den andre svara: Ja, du har nok møgje ved, men det er nå av et svært ringe sort.

Han fekk ikkje sagt noko.
For mange år sidan var det ein ungdom som gjekk på Fjellhaug Misjonsskule i Oslo. Ein kveld gjekk han på møte i Forbundsalen (nå Misjonssalen). På møtet vart ordet gitt fritt og ungdomen reiste seg og byrja slik som mange gjer:”Eg hadde ikkje tenkt å sei noko, men–.” Plutseleg oppdaga han at ein annan og hadde reist seg for å sei litt og ungdomen måtte setja seg att. Møteleiaren hadde ikkje oppdaga dette og møtet vart avslutta.
Utforbi møtte ungdomen ein annan student frå Fjellhaug og denne sa: “Eg heller hadde ikkje tenkt å seia noko, men eg tykte ikkje det var nødvendig å reisa seg å seia det”.
Moral: Sei aldri at du aldri har tenkt å sei noko.

Olme stut.
Oldefar min bureiste på Varhaug i 1863. Omlag 10 år seinare bygde dei jernbanen over Jæren. Denne traseen gjekk tvers over eigedomen til oldefar og delte bruket i to. Han likte ikkje dette og ein dag sleppte han ein olm stut ned på marka der anleggsfolka dreiv på. Dei vart redde og neste dag kom dei med eit papir til oldefar og som beviste at dei hadde lov til arbeida der. Det var då oldefar svarte.- Ja, ja,- de får visa stuten papiret.

Utanom kontortid.
Ein doktor på Jæren var kjent for vera litt ilter dersom folk kom til han utanom kontortida. Ein dag vart han oppsøkt av ei kvinna som var skada ved at ho hadde vorte sparka av ei ku. Sidan det var utanom kontortida var legen irritert over besøket.- Men det var då kvinna sa: - Eg kunne ikkje koma før kunå hadde spent meg.

Om kompensasjon
Det vart undervist om kompensasjon i skuleklassen. Læraren tok fram fleire døme på det. Blandt anna meinte han at dersom ein person hadde dårleg syn, så kunne høyrsla vera desto bedre. Læraren spurde elevane om dei visste om noko døme på kompensasjon. Då var det ein av elevane som rette opp handa. Han var blandt dei som skjeldan gjorde det,- Jau.æ- viss ein mann har ein korte fod, så æ som regel den andre foden litt lenger.

Å vera omstendeleg. I kommunen der eg bur hadde vi ein lege som hadde nokre finurlege svar av og til. Han fekk besøk av ei dame som var kjent for å vera så omstendeleg på den måten at hu måtte ha alt forklart til minste detalj. Kva sjukdom ho kom til legen for veit eg ikkje, men legen skreiv ut ein resept på nokre tablettar som hu skulle ta og sa:
- Du kan godt drikka litt vatn når du tek desse tablettane.
-Å- kor mykje vatn skal eg drikka, spurde ho.
- Du kan begynna med eit par bøtter,- svara legen.

Eg gjekk til doktoren for du veit at han og skal ha noko å leva av. Så gjekk eg til apoteket, for apotekeren skal og leva. Då eg kom heim tømde eg medisinen i vasken, for eg og skal leva.

I Paris? To karar møttest ein dag i ei bygate. Den eine drog kjensel på den andre, stoppa og sa:-Nei-takk for sist!
Den andre stussa litt og svarte:- Eg er litt usikker på kven du er.
Nei,- er du det,- vi møttest jo ein gong i Paris,- sa den fyrste.
-Paris? - Eg har jo aldri vore i Paris,- sa den andre.
Den fyrste tenkte seg litt om og så sa han ettertenksomt,- Nei, vel- då må det ha vore to andre som har møtt kvarandre i Paris.

Ein annan vri på historia Ein kar møtte ein annan som han i fyrste omgang tykte at han drog kjensel på og orda fall nokonlunde slik: - Då eg såg deg, trudde eg fyrst at det var bror din. Så trudde eg at det var deg, men nå ser eg at det verken er du eller bror din.

Eg har ofte hatt sans for trønderhistorier. Her er ei av dei siste eg høyrde.- Eit ektepar hadde vore gift i 40 år og det skulle feirast. Mannen kom på at han skulle halda tala for kona og orda fall nokonlunde slik: “Ja, nå har vi virri gift i 40 år og æ må nok sei at tida ha gått seint.”

Det skulle vera gudsteneste i ei kyrkja i Sverige. Sjølvaste biskopen skulle koma. Men han vart sur og misnøgd då han såg kor lite folk som kom. Han vende seg til soknepresten og grylte:-Har ni inte annonserad at jag skulle komma? -Nei,- svarte presten-, men jag tror det har sigit ut.

Ein teologiprofessor ved Menighetsfakultetet var kjent for å være svært distre’. Her er to historier om ham.
En dag var han ute og spaserte traff han ein kjenning og de kom i prat. Da han skulle gå videre spurte professoren: - Hvilken veg var det jeg kom. Derfra eller derfra? - Du kom derfra, svarte mannen. Javel,- svarte professoren.- da har jeg spist.

Det ringte på døren hjemme hos den samme professor. - Gå ut å si at jeg er ikke hjemme, sa han til datteren. Men hun svarte,- Nei, far- jeg kan ikke gå ut å lyve! Da reiste han seg og gikk mot døren i det han sa. –Nei det er jo sant. Det er jo sant,- jeg får gå ut å si det selv.

På trikken.
En mann kommer inn på trikken. Han ser på passasjerene og sier: - Er det noen her som har mistet syv hundrelapper med en strikk rundt om!? Flere hender kom i været. Ja- fortsatte mannen- jeg har nemlig funnet strikken.

Det skulle vera møte i misjonsforeninga. Og dei ville ha ein predikant til å koma å tala. Det vart litt diskusjon om kven ein skulle spørja. Då var det ein av foreningsmedlemene plutseleg kom på at dei skulle spørja biskopen i byen om dette. Vedkomande var nemleg godt kjent med biskopen. Ja, biskopen kom han, men han som skulle leia samværet vart både alterert og nervøs for den høge gjesten at han kom til å ordleggja seg slik: Me behøvde nå ikkje så stor ein predikant, men me fant ingen ringa

Sjøuhyre

Lars fortalde aldri heime kva han hadde sett i sjøen. Han visste at kona ville tru at han hadde vorte rørete.

Fiskehistorie

Can.theol. Christopher Stoltenhagen Beehrs forklaring på avbrekt fiskestong.

Kompensasjon

Dei hadde for seg ordet å kompensera på skulen. Læraren meinte at dersom du hadde noko svakt i livet kunne du vera sterkare på andre felt. Til dømes meinte han at dersom ein person hadde dårleg syn - så kunne høyrsla vera betre enn hjå andre. Til slutt spurde læraren om elevane hadde noko eksempel på slik kompensasjon. Ein elev som mest aldri sa noko rette opp handa og sa fylgjande: Dersom ein mann har ein kort fot,- så er som regel den andre foten litt lenger.

Meir seinare.

Ny plenklyppar.

Ole og Anna hadde kjøpt ny plenklyppar med motor og nå skulle den startas. Anna les frå bruksanvisninga og Ole drog i snora. Men det vart ingen start. Etter nokre kraftige drag så rauk snora plutseleg av. Ola glefste mot Anna og sa: Koss i værå er det du lese?

Meir seinare.

Eit av barnebarna mine, Emma (nå 5 år) var i barnehagen. Ei av barnehagetantene klaga over at ho hadde fått slik hikke. Ja, sa Emma,- eg høyrde du hakk.

Nyeste kommentarer

20.02 | 07:28

4 dagar etter at denne regnboge synte seg fekk kona min Haldis vita at ho hadde ulækjande kreft. Ho døydde 12.des. 2014.

01.02 | 13:46

Priser

04.01 | 15:28

Fantastiske bilder! Skulle gjerne hatt ett eller flere av dem på veggen i stua. Hjertelig takk for all støtte til Norea Mediemisjon gjennom eposet "Kvitekrist"

17.11 | 00:07

Hei, hvilke priser holder du på dine malerier? Det er mange vakre malerier du har! Men jeg savner priser på disse. Kunne jo gjerne satt prisen under maleriene som evt. står for salg.